Litt historie om Engevik Gaard...

h1Engevik

Den vakre embetsgarden på Engjavik ligg lunt til ved fjorden, halvvegs inn til Sævareid i Fusa. Denne offisersgarden frå først på 1700-talet gjev oss eit nærbilete av embetsmannens stand og stilling i lokalsamfunnet mot slutten av einevaldstida i kongeriket Danmark-Noreg. Eigaren, oberstløytant Christian Wilhelm Segelcke, kjøpte garden som sjefsgard i 1723 og busette seg her, medan han førte kommandoen over det nordre Söndhordlehnske Compagnie. Seinare vart han utnemd til generalmajor og tenestegjorde i København. Då heldt han seg lite heime på garden Engevik. Segelcke bygde opp sitt tun nord for det gamle gardstunet, med ein stor staseleg hovudbygning. Etter at han døydde i 1763, overtok sonen, major Hartvig Carl Philip Segelcke eigedommen. Han var kommandant på Vardøhus festning. I 1769 brann hovudbygningen, og året etter bygde majoren ein ny, litt mindre på same tomta, i karakteristisk Bergensklassisisme med halvvalm. Det er denne bygningen som står i dag.

Den neste eigaren, løytnant Knud Nyegaard – ein lensmansson frå Takvam i Haus – vart gift med dotter til majoren; eit av dei sjeldne døme på eit bondeson klatra opp over sosiale rangstigen. Under Nyegaards strenge men dyktige hushald fekk tunet tidleg på 1800-talet den forma det har i dag. Hovudbygningen har sin bakgrunn i byens sosiale miljø, opphavleg med ein symmetrisk barokkhage omgjeven av kvitmåla stakittgjerde. Dei andre bygningane høyrer til bygdenes byggeskikk; stabbur, eldhus, borgstove, smie, skykkje, sjøhus og naust – eit autentisk historisk miljø.

 

Embetsmannen

Christian Wilhelm Segelcke var andre generasjon av ei offisersætt i dansk-norsk teneste. Segelcke-familien stammar frå byen Celle i Luneburg i Nord-Tyskland. Dei dansk-norske einevaldskongane hadde som medviten politikk å bruka utlendingar i embetsverket, for dermed å svekka innverknaden den gamle danske adelen hadde hatt over statsstyringa. Både franske og hollandske, men i særleg grad tyske menn fekk viktige stillingar i staten.

Christian Wilhelm Segelcke vart fødd i København den 14. juli 1682. Kring år 1700 kom han med foreldra til Bergen. I 1707 finn me han som secondløytant ved det Bergenhusiske nasjonale infanteriregiment. Hausten 1709 braut Den store nordiske krig ut, og bergenhusingane vart mobiliserte. I august 1718 vart Segelcke utnemd til major og sjef for det nordre Söndhordlehnske Compagnie. Krigen enda som kjent med at svenskekongen fall ved Fredriksten festning i desember 1718. Svenskane drog seg attende, og den norske hæren vart demobilisert.

 

Krigen hadde skaffa den dansk-norske staten ei tyngjande gjeld, og statskassa var så godt som tom. Som ledd i tiltaka for å retta opp statsfinansane vart militærugiftene reduserte og krongods seld. Eik rekkje norske kyrkjer med jordegods kom under hammaren i 1723-24. Mange lågare offiserar vart tekne ut av teneste. Som kompensasjon kunne dei få ymse særrettar, som til dømes løyve til å driva kro og gjestgiveri, eller anna næringsverksemd.
Segelcke vart ståande i stillinga som kompanisjef og må ha budd ymse stader i distriktet før han kom til Engevik. Frå åra 1720-22 finst ei rekkje administrative skriv underteikna av han på Terøy og Strandvik, som begge var mønstringsstader for militære mannskap. Ei tid har han óg budd på Helvik i Kvinnherad, men tydelegvis ikkje på den garden som var lagd til embetet hans, Midtvåge i Onarheimsokna på Tysnes.

 

Det var Engevik i Strandvik sokn i Os prestegjeld som skulle verta heimen hans i Noreg. I utkastet til skattemartikkel frå 1723 er Segelcke nemnd som eigar av ein gardpart. Resten av garden var krongods, som han bygsla. Det skulle tyda på at Segelcke må ha kjøpt gardparten seinast dette året, kanskje tidlegare. Major Segelcke avanserte i 1732 til oberstløytant og i 1742 til oberst og sjef for Det 2 (søndre) Bergenhusiske Infanteriregiment. I 1754 vart han utnemnd til generalmajor (af Infanteriet).

Christian Wilhelm Segelcke var gift første gong før 1713 med Abel Catharina Berg. Dei fekk 13 born saman, 6 søner og 7 døtre. Av desse levde 10 opp til vaksen alder. Tre av sønene valde ein militær karriere.

 

Abel Catharina Berg døydde i 1739. Året etter gifte Segelcke seg oppatt, denne gong med enkja etter Ospresten, Alida Maria von Krogh Fasting. Med seg frå sitt første ekteskap hadde ho 8 umyndige born. Det vart såleis en barneflokk på 18 som voks opp saman på Engevik på 1740 talet.
I 1756 braut det ut krig i Europa, den såkalla 7-års-krigen. Sverige var innblanda, og det såg ei tid ut som om også Danmark-Noreg skulle verta dregne med. I denne situasjonen vart store troppestyrkar dregne saman til forsvar av København. I 1758 vart bergenhusingane utkommanderte. Det ser ut til at general Segelcke har kommandert den norske troppekontingenten som vart mobilisert til forsvar av riket. I denne stillinga sto han då han døydde, den 24. februar 1763, 81 år gamal. Han vart gravlagd i garnisonskyrkja i København.

Christian Wilhelm Segelcke nådde den høgaste militære rang mellom offiserane i Bergenhus militærdistrikt i si samtid. Han må ha vore fysisk sterk, og ha bevart åndsevnene sine usvekka, sidan han kunne verka aktivt opp i ein så høg alder. Omgrepet pensjonsalder var ukjent dengong.

Om personen Christian Wilhelm Segelcke veit me lite. Det finst ingen munnleg tradisjon om han. Anekdotar blant vanlege bygdefolk om standspersoner avslører gjerne negative personlegdomstrekk. Heller ikkje er det noko som tyder på eit konfliktfylt forhold mellom generalen og steborna hans. Berre eitt dokumentarisk glimt får me av Segelcke som menneske; det er frå ei «konduiteliste», ei personsvurdering ved innstilling til høgare militær grad. Der står: «Inclinerer til ingen u-Dyd».

Kontaktdetaljer

Besøk oss

Engevik Gaard
5645 Sævareid

Opningstider

Tunet er ope heile året for førehandsbestilte grupper.

Ring oss

951 37 348
948 39 650
56 58 33 95

Skriv til oss

en-gaa@online.no

Me befinner oss her. Trykk her for kart.